OD dagen
Den 29 oktober er det Operasjon Dagsverk eller OD dagen som mange kallar det. Årets prosjektland er Chile, Argentina og Peru. Pengane går til ungdommar som ikkje kan bestemme over sin eigen seksulitet. Eg synes OD dagen er ein fin ting for at då hjelper ungdommar andre ungdommar i andre land som ikkje har det like bra som oss ved å jobbe ein dag og tene inn 300 kr som skulen tek inn og sendar dei til organisasjonen Amnesty. Eg sjølv ser fram til OD dagen og eg synes at han er ein god ting. Eg skal jobbe heime og vaske og støvsuge huset for mor. Det einaste som er bra med det er at eg kan bli ferdig tidlig og ta fri resten av dagen. Resten av dagen skal eg slappe av og så skal eg til Kiwi for å snakke med Daniel Høyland som skal jobbe der.

Eg tenker at det er bra at pengane går til Amnesty for at dei sendar pengane trygt til dei landa som skal få dei og at pengane havnar der dei skal og ikkje til staten i landa. Amnesty gjer ei lita men viktig endring i verda når dei sendar pengar til andre ungdommar som ikkje har det like bra som vi har det her i Noreg. Eg synes at det er det minste vi kan gjere for å gjere at andre ungdommar i andre land får det betre i sin kvardag. Å jobbe ein dag for at andre skal ha det betre er ingen ting i forhold til å måtte gå ut på gata og selje seg sjølve for å tene pengar.
Flott!
SvarSlettFlott!
SvarSlettVeldig godt skrevet! bra at du har med bilde :)
SvarSlett