Klassemiljø (lekse veke 44)
Når vi skal lære noko i klassen er det viktig med eit godt klassemiljø og at elevane trivst på skulen. Utan eit godt klassemiljø blir det vanskeleg å lære noko og elevane trivst ikkje på skulen. Skuledagane blir eit ork utan skikkeleg læring og utan hensikt. I dette innlegget skal eg skrive om nokre tiltak vi kan gjere i klassen for å få eit enda betre klassemiljø.
Eit tiltak vi kan gjere for å få eit betre klassemiljø er at alle er rolige og følgjer med på det som skjer i timen. På den måten blir det ikkje uro i klassen og alle følgjer med på kva dei skal gjere. Eg meiner selfølgeleg ikkje at alle skal vere heilt rolige heile tida og det må vere lov å snakke litt til sidemannen med låg stemme, men du kan ikkje snakke med ein person som sitt i den andre delen av rommet. Vi kan også stoppe med kommentarar. Det er veldig dumt og veldig forstyrrande når det sit nokon gutar eller jenter som kommenterar nesten alt som blir sagt eller gjort. Kommentarar kan også vere sårandes og øydelegge sjølvtilliten til den som blir kommentert.
Å vere frekke med kvarandre er også noko som alle kan slutte med for då blir ingen leie seg eller sure. Og å bare snakke når ein har fått ordet er også ein måte klassemiljøet kan bli betre på. Men som eg har sagt så er det ikkje så gale viss ein person snakkar låkt med sidemannen sin, men det blir noko anna når ein person skrikar til ein annan person i den andre enden av klasserommet. Eit godt klassemiljø er viktig for at alle skal trivst på skulen og for å lære noko på skulen. Utan eit godt klassemiljø blir nesten heile vitsen med læring på skulen borte.
Biletet er henta frå: Biletet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar