Ungdomskultur er ein kultur som er
skapt av unge og som er meint for unge. Ungdomskultur kom på 1950 talet og
hadde stor samanheng med rocken som oppstod omtrent på same tid. Dei vaksne
likte ikkje rocken og høyrde ikkje på han, men ungdomane likte rocken og dei
harde rytmane. Saman med
ungdomskulturen og rocken kom også ein ny klesmote som ungdomane gjekk med. Det var skinnjakker og olabukser. Ungdommane skilde seg så mykje ut frå foreldregenerasjonen at dei laga sin eigen kultur.
ungdomskulturen og rocken kom også ein ny klesmote som ungdomane gjekk med. Det var skinnjakker og olabukser. Ungdommane skilde seg så mykje ut frå foreldregenerasjonen at dei laga sin eigen kultur.
Ein anna grunn for at ungdomskulturen blei til er for at økonomien i den vestlige verda blei betre etter den andre verdskrigen. Det var ikkje berre foreldregenerasjonen som fekk betre økonomi, men også ungdommane. Dette førte til at det blei laga ei eiga forbrukargruppe som klesindustrien blei interesserte i. Det var grunnlaget for ungdomskulturen. Ungdommane blei ei eiga mottakergruppe for forskjellige varer.
Den dag i dag blir ungdomskultur sett på som noko som skil ungdom frå barndom og frå vaksenverda. Barn er som regel knytta til aktivitetar med foreldra og som foreldra bestem at dei skal gå på, mens ungdom er meir sjølvstendige og vil ikkje at foreldra deira skal bestemme for mykje i liva deira. Dei vil bestemme kva for slags musikk dei skal høyre på og kven dei skal vere med på fritida.
Kjelder:Ungdomskultur
Biletet: Ungdomskultur