Ungdom og mote (lekse veke 45)
I dette innlegget skal eg snakke om mine tankar om ungdom og mote. Det har mykje og seie om status i desse dagar og å ikkje skilje seg ut. Viss du ikkje har dei nyaste tinga, som den nyaste spillkonsollen eller den nyaste mobilen, er du uoppdatert og du er ikkje "med" i gruppa. Er det viktig med å alltid ha det nye og ikkje silje seg ut, eller er det viktigare å vere seg sjølv?
Eg synes at det viktig å ikkje vere redd for å skilje seg ut og å tåre og vere den du er. I mange gjengar fungerar det slik at viss du ikkje har dei nyaste og i nokre tilfelle dyraste produkta er du ikkje "med" i gjengen. Ekte venar oppførar seg ikkje slik, dei respekterar deg slik som du er, men det er ofte dei andre i ungdomsgruppa som ikkje godtek deg på grunn av at du ikkje har dei aller nyaste produkta. Instagram og andre sosiale medier påverkar også ungdom til å ha dei nyaste produkta. Det er ikkje bra for at ungdommar burde få velje sjølv kva dei vil gå med og kva dei vil kjøpe utan at fult av andre ungdommar skal kritisere dei for det. Det er viktig å vere seg sjølv og ikkje la seg bli påverka av alle andre.
Ungdommar er ein kjøpesterk gruppe og mange av produkta er retta mot dei. Det er heller ikkje så bra for at ungdommar blir lettare påverka av produkt og tenkjer at dei bare må ha det for å passe inn i gruppa. Det er også ofte èin person i ein ungdomsgruppe som bestem kva for ein stil dei andre skal ha. Det synes eg rett og slett er teit. Kvifor skal berre ein person bestemme over andre som ein annan diktator? Alle ungdommar har sin eigen stil og sine eigne interessar og ingen burde kritisere dei på nokon som helst måte som føles ubehageleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar