tirsdag 3. november 2015

Kva er ungdomskultur (lekse veke 44)

Ungdomskultur er ein kultur som er skapt av unge og som er meint for unge. Ungdomskultur kom på 1950 talet og hadde stor samanheng med rocken som oppstod omtrent på same tid. Dei vaksne likte ikkje rocken og høyrde ikkje på han, men ungdomane likte rocken og dei harde rytmane. Saman med
ungdomskulturen og rocken kom også ein ny klesmote som ungdomane gjekk med. Det var skinnjakker og olabukser. Ungdommane skilde seg så mykje ut frå foreldregenerasjonen at dei laga sin eigen kultur.

Ein anna grunn for at ungdomskulturen blei til er for at økonomien i den vestlige verda blei betre etter den andre verdskrigen. Det var ikkje berre foreldregenerasjonen som fekk betre økonomi, men også ungdommane. Dette førte til at det blei laga ei eiga forbrukargruppe som klesindustrien blei interesserte i. Det var grunnlaget for ungdomskulturen. Ungdommane blei ei eiga mottakergruppe for forskjellige varer.

Den dag i dag blir ungdomskultur sett på som noko som skil ungdom frå barndom og frå vaksenverda. Barn er som regel knytta til aktivitetar med foreldra og som foreldra bestem at dei skal gå på, mens ungdom er meir sjølvstendige og vil ikkje at foreldra deira skal bestemme for mykje i liva deira. Dei vil bestemme kva for slags musikk dei skal høyre på og kven dei skal vere med på fritida.









Kjelder:Ungdomskultur
Biletet: Ungdomskultur 

Ungdom og mote (lekse veke 45)

I dette innlegget skal eg snakke om mine tankar om ungdom og mote. Det har mykje og seie om status i desse dagar og å ikkje skilje seg ut. Viss du ikkje har dei nyaste tinga, som den nyaste spillkonsollen eller den nyaste mobilen, er du uoppdatert og du er ikkje "med" i gruppa. Er det viktig med å alltid ha det nye og ikkje silje seg ut, eller er det viktigare å vere seg sjølv?


Eg synes at det viktig å ikkje vere redd for å skilje seg ut og å tåre og vere den du er. I mange gjengar fungerar det slik at viss du ikkje har dei nyaste og i nokre tilfelle dyraste produkta er du ikkje "med" i gjengen. Ekte venar oppførar seg ikkje slik, dei respekterar deg slik som du er, men det er ofte dei andre i ungdomsgruppa som ikkje godtek deg på grunn av at du ikkje har dei aller nyaste produkta. Instagram og andre sosiale medier påverkar også ungdom til å ha dei nyaste produkta. Det er ikkje bra for at ungdommar burde få velje sjølv kva dei vil gå med og kva dei vil kjøpe utan at fult av andre ungdommar skal kritisere dei for det. Det er viktig å vere seg sjølv og ikkje la seg bli påverka av alle andre.


Ungdommar er ein kjøpesterk gruppe og mange av produkta er retta mot dei. Det er heller ikkje så bra for at ungdommar blir lettare påverka av produkt og tenkjer at dei bare må ha det for å passe inn i gruppa. Det er også ofte èin person i ein ungdomsgruppe som bestem kva for ein stil dei andre skal ha. Det synes eg rett og slett er teit. Kvifor skal berre ein person bestemme over andre som ein annan diktator? Alle ungdommar har sin eigen stil og sine eigne interessar og ingen burde kritisere dei på nokon som helst måte som føles ubehageleg. 











Kjelde: Ungdom og mote

Bilete nummer 1: Mote klede

Bilete nummer 2: Smartelefonar

Bilete nummer 3: Konsollar


søndag 1. november 2015

Om meg

Hei eg heiter Leidulf Vigre. Eg kjem frå Nærbø og eg er 14 år. Eg vart født på Stavanger sjukehus den 24 august, 2001. På fritida mi går eg på skyting. Det går ut på å skyte på blink med ei rifle, mens du har tid på deg. Eg går på skyting kvar tirsdag under den gamle hallen i Loen.
Eg liker også og gå på ski og stå på slalåm på hytta. Hytta vår ligg på ein plass som heiter Knaben. Knaben ligg på fjellet og det er eit trekk på Knaben berre 4 min. i frå hytta vår. Det er også mange turløyper der, både til sommaren og til vinteren.






Biletet:Sauer STR 200

Neste veke (veke 44)

I dei neste vekene skal vi ha eit prosjekt om rus og psykisk helse. Temaet rus og psykisk helse angår fleire fag som for eks. KRLE, naturfag, norsk og samfunn. Eg lurer eigentleg ikkje på noko spesielt, men sidan vi måtte ha med noko vi lurer på så lurer eg på om viss det står 35% på ei flaske med for eks. sprit, kor mykje alkohol du får i blodet da, viss du drikk heile flaska? Eg gler meg til å lære om rus og psykisk helse for at det høyres ut som eit spennande fag.

Biletet:Drikkar