torsdag 29. oktober 2015

Klassemiljø (lekse veke 44)

Når vi skal lære noko i klassen er det viktig med eit godt klassemiljø og at elevane trivst på skulen. Utan eit godt klassemiljø blir det vanskeleg å lære noko og elevane trivst ikkje på skulen. Skuledagane blir eit ork utan skikkeleg læring og utan hensikt. I dette innlegget skal eg skrive om nokre tiltak vi kan gjere i klassen for å få eit enda betre klassemiljø.


Eit tiltak vi kan gjere for å få eit betre klassemiljø er at alle er rolige og følgjer med på det som skjer i timen. På den måten blir det ikkje uro i klassen og alle følgjer med på kva dei skal gjere. Eg meiner selfølgeleg ikkje at alle skal vere heilt rolige heile tida og det må vere lov å snakke litt til sidemannen med låg stemme, men du kan ikkje snakke med ein person som sitt i den andre delen av rommet. Vi kan også stoppe med kommentarar. Det er veldig dumt og veldig forstyrrande når det sit nokon gutar eller jenter som kommenterar nesten alt som blir sagt eller gjort. Kommentarar kan også vere sårandes og øydelegge sjølvtilliten til den som blir kommentert.


Å vere frekke med kvarandre er også noko som alle kan slutte med for då blir ingen leie seg eller sure. Og å bare snakke når ein har fått ordet er også ein måte klassemiljøet kan bli betre på. Men som eg har sagt så er det ikkje så gale viss ein person snakkar låkt med sidemannen sin, men det blir noko anna når ein person skrikar til ein annan person i den andre enden av klasserommet. Eit godt klassemiljø er viktig for at alle skal trivst på skulen og for å lære noko på skulen. Utan eit godt klassemiljø blir nesten heile vitsen med læring på skulen borte.  

                                                                                                      Biletet er henta frå: Biletet

torsdag 22. oktober 2015

OD dagen

Den 29 oktober er det Operasjon Dagsverk eller OD dagen som mange kallar det. Årets prosjektland er Chile, Argentina og Peru. Pengane går til ungdommar som ikkje kan bestemme over sin eigen seksulitet. Eg synes OD dagen er ein fin ting for at då hjelper ungdommar andre ungdommar i andre land som ikkje har det like bra som oss ved å jobbe ein dag og tene inn 300 kr som skulen tek inn og sendar dei til organisasjonen Amnesty. Eg sjølv ser fram til OD dagen og eg synes at han er ein god ting. Eg skal jobbe heime og vaske og støvsuge huset for mor. Det einaste som er bra med det er at eg kan bli ferdig tidlig og ta fri resten av dagen. Resten av dagen skal eg slappe av og så skal eg til Kiwi for å snakke med Daniel Høyland som skal jobbe der.

Eg tenker at det er bra at pengane går til Amnesty for at dei sendar pengane trygt til dei landa som skal få dei og at pengane havnar der dei skal og ikkje til staten i landa. Amnesty gjer ei lita men viktig endring i verda når dei sendar pengar til andre ungdommar som ikkje har det like bra som vi har det her i Noreg. Eg synes at det er det minste vi kan gjere for å gjere at andre ungdommar i andre land får det betre i sin kvardag. Å jobbe ein dag for at andre skal ha det betre er ingen ting i forhold til å måtte gå ut på gata og selje seg sjølve for å tene pengar.   

Biletet: OD dagen

torsdag 15. oktober 2015

Menneskerettar, kva er dei? Er dei naudsynte og er alle menneskerettane like viktige?

Menneskerettane er nokre rettar som alle menneske har rett på uansett rase eller kjønn for å ha eit trygt og godt liv i verdigheit. Grunnlaget for menneskerettighetane er FNs verdenserklæring om menneskerettane frå 1948, som dei fleste land er einige i. Menneskerettane skal gjelde for alle menneske og dei er udelelige. Det betyr at andre land ikkje kan prioritere nokon menneskerettighetar overfor andre.


Nokon land klarer ikkje å halde på menneskerettighetane og det fører til at unger ikkje får tilgang til skule og barn blir vaksne altfor fort. Det vil seie at barn må slutte på skulen for å gå ut og tene pengar til familien sin. Nokon unger må til og med reise ut for å selje seg sjølv på gata for å tene penger til seg sjølv og til sin familie. Alle menneske har rett på menneskerettighetane. Utan Menneskerettighetane lever ikkje eit menneske eit trygt og godt liv i verdigheit. 


                                                                                                                                                           

Kjelder:Menneskerettighetar